onsdag 3. desember 2014

jule-stria

Noken so veit kor eg får tak i strie? Berre lure...

Eg so trudde at når eg først jobba i Kvik rundt jul, so kom det til å vere rolige daga i motsetning til då eg jobba i Cubus. HAH. Vi har (endelig) fått det nye tegneprogrammet/kassasystemet.

Heldigvis fordi det e en rolig periode i butikken. Uheldigvis fordi julestria tar en ny fasong i år. Eg e so mentalt utslitt kvar kveld når eg kjeme heim frå jobb at eg berre stirra tomt ut i lufta. Mandagskvelden tvinga eg meg til å vere våken etter kl åtte. Klokka ni sendte eg melding til mamma om at ho ikkje skulle ringe meg, fordi eg skulle legge meg. So stirra eg ut i lause lufta til klokka va halv elleve. Ikkje spør kor den halvannen timen blei av. Hadde eg vore mistenkt for noke kriminelt i den tidsramma hadde eg jaffal ikkje hatt alibi.

I kveld har eg en litt meir produktiv kveld. Har foccacia i ovnen, noke som betyr at middagen blir sein i dag igjen, i tillegg har eg vaska heile leiligheten. For dei som kjenne meg veit dei at det betyr at eg har støvsugd og gnidd litt på flekka med en engongs-våtserviett.

Men eg høyre på julemusikk, det lukta reint og bakst, og eg har faktisk litt av julestemninga inne. Ute høljeregna det, inne har eg lagt på nytt golvteppe og bytta putetrekk til noke meir passande årstida. Føles nesten som heime. Nesten.


Spørsmålet no e: kotid e det innafor å pynte IKEA-juletreet mitt på herlige 155 cm? Ska jo tross alt heim den 18., so eg må jo få LITT glede av det...