lørdag 6. september 2014

Reisa heim

Endelig heime etter ei lang, men god, veke på Kvik HQ i Vildbjerg. Har lært masse, e super-inspirert og gleda meg vilt til å gå på jobb igjen på mandag!

Tilbragte store dela av ettermiddagen i går på flyplassen i Billund, elska egentlig flyplassa. Det e so masse forskjellige folk der som en kan sjå på. Samtidig e en so anonym som det går an å bli, og kan sitte i ro på samme plass og lese. Lenge. Som eg gjorde.

Fann ut at eg skulle prøve å finne meg en ny parfyme, for det virka som dei damene som jobba i taxfree-parfymeriet kunne sakene sine. Enda opp med en ny Burberry-parfyme som heite The Beat.

Då tida endelig kom for boarding til København va eg ganske klar for å komme meg i gang med reisa heim, klokka va nesten sju og vi humpa over til Kastrup på 35 minutt, med flyvertinner in training som berre so vidt kom igjennom sikkerhetstalene sine uten å le. Den engelske versjonen va totalt uforståelig.

På Kastrup hadde eg 40 minutt til flyet til Trondheim skulle gå. Eg stressa ikkje, såg på tavla at eg skulle til D4, og at boarding starta om 19 minutt. Begynte å gå. Glei fint over dei første rullebanda uten å gå. Då va vi kommen til A ettelleranna. Det gjekk opp for meg at D4 kanskje va litt lenger vekke enn eg trudde. Sette opp farten. Gjekk no raskt mellom rullebanda og med litt ekstra lange skritt der. Då eg kom til det som virka som hovedterminalen vart det plutselig jævlig trengsel. Folk i alle retninga. Kom på då vi skulle til Irland i bryllup og sprang gjennom samme terminalen. Huska Hermès-skiltet som suste forbi. Kom til Hermès. Måtte haste forbi den og Gucci og alt det andre igjen. Fortsatt va eg berre på A. Begynte å bli superstressa no, hadde brukt 20 minutt og va svett og klam. Prøvde å følge skiltinga. Endå fleire butikka. Ei burgersjappe med sjukt høg musikk. Svolten. Tørst. En stor securitas-BIL midt imot. Nerma meg, trudde eg.

Kom til gate ca fem minutt før boardinga stengte. Då rann svetten på ryggen, og eg hadde nesten panikk. Greit at eg elska Danmark, men ikkje faen om eg ville ha blitt der ei natt til. Og slapp heldigvis å bli ropt opp på calling-anlegget, som noken andre på et Oslo-fly blei, fleire gonga. Puh.

Heime no. Rett på jobb på Åhlèns. Nest siste vakt der. Digg.





                                      En eller annen plass mellom Billung og København.