onsdag 7. oktober 2015

Når infrastrukturen ikkje spela på lag

Eg gleda meg til bursdagen min. Veit ikkje korfor, egentlig, det e på en onsdag, og eg veit at det ikkje kjeme te å skje noke uansett. Men det e no en gong bursdag då.

Dei første åra eg budde i Trondheim hadde eg en fast tradisjon med å gå på konsert med DeLillos på Samfundet, dei booka alltid Trondheim farsdags-helga (rundt 11. november). Tradisjonen blei tatt opp igjen det året eg va i Tønsberg og ga meg sjøl billett til konserten på Total en måne før bursdagen min.

I år har DeLillos spelt ilag i 30 år, og ska ha ei rekke konserta i Oslo i november, der dei ska spele seg gjennom alt utgitt materiale. Onsdag 11. november, min bursdag, ska dei spele songane frå mi favorittplate, "Midt i begynnelsen", som eg har kunna utenat sia 2002.

Eg har SO lyst å reise. Eg kunne ha tatt fly ned etter jobb, det rekke eg, konserten ekje før 21. Men heim...Der spela plutselig ikkje infrastrukturen på lag. siste flyet frå Gardermoen går 22.30. Det seie seg sjøl at det ikkje går. Fekk en glimrande idé om at eg kunne tatt nattoget oppigjen. Men i følge NSB går ikkje det nattog, fordi dei ska drive utbedringsarbeid mellom Dombås og Lillehammer (i NOVEMBER!?!?!!), og den ruta blir ikkje erstatta med buss. NO-WAY bussekspress har sjølsagt heller ingen tilbud.

Kor e dei sjumilsstøvlane når eg virkelig trenge dei?


fredag 17. juli 2015

Mens vi venta på sommaren...

I kveld når eg gjekk en tur rundt Brøset, skjønte eg ka som har skjedd med den sommaren her. Det har vore juni sia...mai. Og i dag e det 17. juli. Grønt og fint, då. Kornet starta å ligne på korn og. Eg satsa på en lang og varm haust, vi får sjå. 

Forresten ei lita oppdatering på forrige blogginnlegg: i dag e platningen min ferdig. Berre to måna etter at eg blei forespegla at den skulle vere ferdig. Grunnen e mannfolk som ikkje kan jobbe når det regna. Really?! (verste av alt e at det ikkje egentlig har regna soooo masse, men det har vore meldt dårligare enn det har blitt.)



Sommarhelsing frå meg... ---->

tirsdag 12. mai 2015

Urdrifta

Ligge på sofaen etter en lang dag på jobb, halvsøve til ett eller anna direktesendt hage-program på NRK1. Og merka at trangen for å dyrke og gro kjeme over meg. 

Lure på om sånt går i arv frå generasjon til generasjon, eller om det faktisk e noke i arvestoffet til mennesket som gjer at vi har et sånt behov for å dyrke mat. Behovet e sjølsagt der. Eg mena "trang" til å dyrke mat, eller planta generelt. 

Eg har merka det veldig godt dei siste par åra, at eg i alle fall har ett eller anna arvestoff i den retning. Om det e takka vere bondeslekt eller noke større får so vere. Ikkje e eg flink til å dyrke heller (jamf. karse-katastrofen anno 2014). 

Det e en skikkelig klisjé, men eg lika, som det husmoremnet eg e, hageprogram og matlagingsprogram på TV. Sjøl om det e langt frå Hells Kitchen til Grønn Glede. 

I løpet av kort tid (kanskje allereie neste veke?) får eg meg ny platning i hagen min, og so ska eg ordne meg ei slags kasse der eg kan dyrke noke enkelt. Har hørt at kvitløk e vanskelig å gjere feil. Hehe. 

Eg gleda meg. 

lørdag 9. mai 2015

Bryllupsfeber

So sete eg her igjen. Dagen etter et heilt uventa melt-down... Det kjeme som regel kasta på meg, so eg burde kanskje ikkje vere so overraska over akkurat det.  I går va triggeren enkelt og greitt et bilde. Noke ala det her:



Eg prøva å tenke at ikkje alle e ment å oppleve det der. Og at eg, sjøl ko urettferdig eg syns det e, kanskje e en av dei.

Et bilde seie meir enn tusen ord, heite det. Eg lengta etter den tosomheten, den private sfæra som par kan vere i, sjøl i et rom fullt av andre menneske.

Trur noke av grunnen til at det her kom opp akkurat no e bryllupet eg ska i om tre veke. Mi aller beste barndomsvenninne, Synnøve, ska gje sitt ja til Joakim, og det e so perfekt at eg ikkje veit ka eg ska gjere. Anna enn å grine ifrå meg no, og klistre på meg et smil og reise heim på ferie.

Ellers har eg det bra. Ikkje so suicidal som det virka. Ikkje i det heile tatt, heller. Men alle har vel øyeblikk der dei lure på livsvalga og om dei valga som blei tatt for ti år sia fortsatt har styringa i dag. En slags intern sommarfugl-effekt.

fredag 27. februar 2015

For ei veke...

I dag har eg for første gong i mi Kvik-karriere hatt et massivt melt down på jobb. 

Har slete heile veka etter at det nye tegneprogrammet blei oppdatert, og ingenting funka i ettertid. vi mista godt over en halv arbeidsdag pga totalt samanbrot på server (eller noke sånt), og etter det har det berre vore dritt for min del. 

I dag va det nok. 

Men det va berre i dag. I morra ska vi ha workshop og julebord på jobb, so alt blir nok beire då. :) 

mandag 23. februar 2015

Stille i huset (igjen).

I dag vil eg skrive om to setningar. Nesten like, men likevel so utrulig forskjellige.

Stille i huset. Stille i huset igjen. 

Kvar gong eg e heime, som riktignok ofte e enten jul eller en familiebursdag eller som sist, begravelse, e huset oftare enn ikkje fullt av folk. Søstra mi gjer jo sitt for å halde populasjonen i Stardalen oppe, og når dei gjerne kjeme med søskenbarn i tillegg, og brodern med sin familie kjeme, då e huset fullt. Det e naturlig kaos. Og når dei reise e det stille i huset igjen.

Kvar søndag når eg høyre det samme skje i etasjen over meg her i Trondheim tenke eg at "for en idiot eg va den helga her og" som berre har sete heime aleine, fordi eg har hatt ei lang veke på jobb og overbevise meg sjøl om at eg "trenge tid for meg sjøl". Det e stille i huset.

Stille i huset igjen. Stille i huset.

lørdag 7. februar 2015

Hus og heim

Då eg va heime i jula fekk eg høyre noke om huset vårt heime si historie som eg aldri kunne drømt om.

Vi ungane har alltid høyrt historia om koleis mamma og pappa budde under samme tak som momo og morfar, oldemor og bestefar, og Johanne, ei gammal...peppermø (som eg alltid va redd for, men som før ho døydde ga ei klokke til momo med beskjed om at den skulle eg få når eg konfirmerte meg).

Vi har sett bilda frå den gongen, når søstern vart fødd og dei fortsatt budde i samme huset. Året var 1979 og dei bjønte å bygge sitt eige hus litt innafor, på en plass der dei gamle mente var en heilt sjuk plass å bygge hus på (huska ikkje koffor). Dei flytta inn i jula 1980 (trur eg), nesten uten møbla i det heile tatt, berre for å få feire den første jula i sitt eige hus. Det va sjølsagt uhørt å flytte i jula, då skulle husfreden haldast hellig, men dei gjorde det likevel. Ut av huset til momo og morfar. Eg kan tenke meg at for pappa spesielt, som kom uttafrå, var det vanvittig godt å flytte inn i eige hus, om det so berre sto noken meter innafor.

I dag klare vi ikkje å sjå for oss koleis fire generasjona kan bu i samme hus. Det e rett og slett ingen som gjer det lenger, ikkje i Norge. Det føles veldig middelhavsk ut.

So mamma, pappa og søstern kalte huset for "Bu-bu" og flytta inn.

Den delen av historia eg aldri har hørt før 34 år etter, og som fascinera meg uendelig masse, e at tømmeret som blei brukt til å bygge huset e hogd i farfar sin skog i Brosvika. Ekje det romantisk? Pappa fekk med seg en stor del av heimgarden til Flatjorda, sjølve huset han bygde. Det e heller ikkje noke so skjer lenger. No ska alt være kjøpt og standardisert og godkjent på en eller annen måte av ett eller anna departement.

<3 p="">

onsdag 3. desember 2014

jule-stria

Noken so veit kor eg får tak i strie? Berre lure...

Eg so trudde at når eg først jobba i Kvik rundt jul, so kom det til å vere rolige daga i motsetning til då eg jobba i Cubus. HAH. Vi har (endelig) fått det nye tegneprogrammet/kassasystemet.

Heldigvis fordi det e en rolig periode i butikken. Uheldigvis fordi julestria tar en ny fasong i år. Eg e so mentalt utslitt kvar kveld når eg kjeme heim frå jobb at eg berre stirra tomt ut i lufta. Mandagskvelden tvinga eg meg til å vere våken etter kl åtte. Klokka ni sendte eg melding til mamma om at ho ikkje skulle ringe meg, fordi eg skulle legge meg. So stirra eg ut i lause lufta til klokka va halv elleve. Ikkje spør kor den halvannen timen blei av. Hadde eg vore mistenkt for noke kriminelt i den tidsramma hadde eg jaffal ikkje hatt alibi.

I kveld har eg en litt meir produktiv kveld. Har foccacia i ovnen, noke som betyr at middagen blir sein i dag igjen, i tillegg har eg vaska heile leiligheten. For dei som kjenne meg veit dei at det betyr at eg har støvsugd og gnidd litt på flekka med en engongs-våtserviett.

Men eg høyre på julemusikk, det lukta reint og bakst, og eg har faktisk litt av julestemninga inne. Ute høljeregna det, inne har eg lagt på nytt golvteppe og bytta putetrekk til noke meir passande årstida. Føles nesten som heime. Nesten.


Spørsmålet no e: kotid e det innafor å pynte IKEA-juletreet mitt på herlige 155 cm? Ska jo tross alt heim den 18., so eg må jo få LITT glede av det...

mandag 3. november 2014

Fleire bursdags/jule-ønsker

Kom på at eg ønske meg to ting til te jul/bursdag: kamerastativ og morter. Jepsi pepsi.

Heime

Har vore heime i helga. Sjelden noke som e beire enn det. Travelt, men godt.

Fredagsmorningen då eg kom heim fekk eg vete at pappa skulle til Eivindvik på besøk til farmor, so eg slengte meg med. Vi hadde en hyggelig dag i bilen, et kort besøk til farmor som ikkje ville våkne, og om kvelden va det rett inn til søstern og min nye nevø Theodor. For en nydelig gut med et nydelig navn! :)

Lørdagskvelden va eg med Eli til Sandane for å delta på den private opninga av galleriet til Andreas. Stor stas, flott mann, flott kone og fantastisk lokale. Håpa det blir bra! :)


I går avslutta eg helga med husbasar, som vanlig uten vinnarlykke, ettersom dei aller fleste premiane gjekk til foreldra til ho på bildet. =P



Til slutt et lite bilde av min finaste, kjekkaste (kvinnelige) katt, Anton og meg. Kjærleik.