lørdag 7. februar 2015

Hus og heim

Då eg va heime i jula fekk eg høyre noke om huset vårt heime si historie som eg aldri kunne drømt om.

Vi ungane har alltid høyrt historia om koleis mamma og pappa budde under samme tak som momo og morfar, oldemor og bestefar, og Johanne, ei gammal...peppermø (som eg alltid va redd for, men som før ho døydde ga ei klokke til momo med beskjed om at den skulle eg få når eg konfirmerte meg).

Vi har sett bilda frå den gongen, når søstern vart fødd og dei fortsatt budde i samme huset. Året var 1979 og dei bjønte å bygge sitt eige hus litt innafor, på en plass der dei gamle mente var en heilt sjuk plass å bygge hus på (huska ikkje koffor). Dei flytta inn i jula 1980 (trur eg), nesten uten møbla i det heile tatt, berre for å få feire den første jula i sitt eige hus. Det va sjølsagt uhørt å flytte i jula, då skulle husfreden haldast hellig, men dei gjorde det likevel. Ut av huset til momo og morfar. Eg kan tenke meg at for pappa spesielt, som kom uttafrå, var det vanvittig godt å flytte inn i eige hus, om det so berre sto noken meter innafor.

I dag klare vi ikkje å sjå for oss koleis fire generasjona kan bu i samme hus. Det e rett og slett ingen som gjer det lenger, ikkje i Norge. Det føles veldig middelhavsk ut.

So mamma, pappa og søstern kalte huset for "Bu-bu" og flytta inn.

Den delen av historia eg aldri har hørt før 34 år etter, og som fascinera meg uendelig masse, e at tømmeret som blei brukt til å bygge huset e hogd i farfar sin skog i Brosvika. Ekje det romantisk? Pappa fekk med seg en stor del av heimgarden til Flatjorda, sjølve huset han bygde. Det e heller ikkje noke so skjer lenger. No ska alt være kjøpt og standardisert og godkjent på en eller annen måte av ett eller anna departement.

<3 p="">