fredag 27. februar 2015

For ei veke...

I dag har eg for første gong i mi Kvik-karriere hatt et massivt melt down på jobb. 

Har slete heile veka etter at det nye tegneprogrammet blei oppdatert, og ingenting funka i ettertid. vi mista godt over en halv arbeidsdag pga totalt samanbrot på server (eller noke sånt), og etter det har det berre vore dritt for min del. 

I dag va det nok. 

Men det va berre i dag. I morra ska vi ha workshop og julebord på jobb, so alt blir nok beire då. :) 

mandag 23. februar 2015

Stille i huset (igjen).

I dag vil eg skrive om to setningar. Nesten like, men likevel so utrulig forskjellige.

Stille i huset. Stille i huset igjen. 

Kvar gong eg e heime, som riktignok ofte e enten jul eller en familiebursdag eller som sist, begravelse, e huset oftare enn ikkje fullt av folk. Søstra mi gjer jo sitt for å halde populasjonen i Stardalen oppe, og når dei gjerne kjeme med søskenbarn i tillegg, og brodern med sin familie kjeme, då e huset fullt. Det e naturlig kaos. Og når dei reise e det stille i huset igjen.

Kvar søndag når eg høyre det samme skje i etasjen over meg her i Trondheim tenke eg at "for en idiot eg va den helga her og" som berre har sete heime aleine, fordi eg har hatt ei lang veke på jobb og overbevise meg sjøl om at eg "trenge tid for meg sjøl". Det e stille i huset.

Stille i huset igjen. Stille i huset.

lørdag 7. februar 2015

Hus og heim

Då eg va heime i jula fekk eg høyre noke om huset vårt heime si historie som eg aldri kunne drømt om.

Vi ungane har alltid høyrt historia om koleis mamma og pappa budde under samme tak som momo og morfar, oldemor og bestefar, og Johanne, ei gammal...peppermø (som eg alltid va redd for, men som før ho døydde ga ei klokke til momo med beskjed om at den skulle eg få når eg konfirmerte meg).

Vi har sett bilda frå den gongen, når søstern vart fødd og dei fortsatt budde i samme huset. Året var 1979 og dei bjønte å bygge sitt eige hus litt innafor, på en plass der dei gamle mente var en heilt sjuk plass å bygge hus på (huska ikkje koffor). Dei flytta inn i jula 1980 (trur eg), nesten uten møbla i det heile tatt, berre for å få feire den første jula i sitt eige hus. Det va sjølsagt uhørt å flytte i jula, då skulle husfreden haldast hellig, men dei gjorde det likevel. Ut av huset til momo og morfar. Eg kan tenke meg at for pappa spesielt, som kom uttafrå, var det vanvittig godt å flytte inn i eige hus, om det so berre sto noken meter innafor.

I dag klare vi ikkje å sjå for oss koleis fire generasjona kan bu i samme hus. Det e rett og slett ingen som gjer det lenger, ikkje i Norge. Det føles veldig middelhavsk ut.

So mamma, pappa og søstern kalte huset for "Bu-bu" og flytta inn.

Den delen av historia eg aldri har hørt før 34 år etter, og som fascinera meg uendelig masse, e at tømmeret som blei brukt til å bygge huset e hogd i farfar sin skog i Brosvika. Ekje det romantisk? Pappa fekk med seg en stor del av heimgarden til Flatjorda, sjølve huset han bygde. Det e heller ikkje noke so skjer lenger. No ska alt være kjøpt og standardisert og godkjent på en eller annen måte av ett eller anna departement.

<3 p="">