lørdag 9. mai 2015

Bryllupsfeber

So sete eg her igjen. Dagen etter et heilt uventa melt-down... Det kjeme som regel kasta på meg, so eg burde kanskje ikkje vere so overraska over akkurat det.  I går va triggeren enkelt og greitt et bilde. Noke ala det her:



Eg prøva å tenke at ikkje alle e ment å oppleve det der. Og at eg, sjøl ko urettferdig eg syns det e, kanskje e en av dei.

Et bilde seie meir enn tusen ord, heite det. Eg lengta etter den tosomheten, den private sfæra som par kan vere i, sjøl i et rom fullt av andre menneske.

Trur noke av grunnen til at det her kom opp akkurat no e bryllupet eg ska i om tre veke. Mi aller beste barndomsvenninne, Synnøve, ska gje sitt ja til Joakim, og det e so perfekt at eg ikkje veit ka eg ska gjere. Anna enn å grine ifrå meg no, og klistre på meg et smil og reise heim på ferie.

Ellers har eg det bra. Ikkje so suicidal som det virka. Ikkje i det heile tatt, heller. Men alle har vel øyeblikk der dei lure på livsvalga og om dei valga som blei tatt for ti år sia fortsatt har styringa i dag. En slags intern sommarfugl-effekt.