torsdag 21. august 2014

E august over snart?

Eg har alltid synes august har vore en fantastisk måne. Når du bjønde å sjå en heil bråte med bila med hengara frå IKEA eller ESSO ("Eg er ein ESSO-tilhengar" haha nynorsk humor på høgt nivå) so veit du at no e studentane komne. Bortsett frå dei so tar bussen, då. Det har uansett alltid vore ei fin tid. Heilt til i år.

Eg har bjønt å merke at eg sete mindre og mindre pris på nye studenta. Mas, mas, mas. I kveld på vei heim frå jobb sykla eg (so vidt) forbi en heil toga-fest på vei til 9'a, og i går på IKEA va dei tomme for dei store blå plastposane, so eg måtte sykle heim med en stor oppbevaringsboks med lokk i eine handa, og en papirpose med resten av det eg hadde kjøpt hengane på styret på andre sida. Sa eg at det regna? Det regna. Ikkje då eg reiste til IKEA, då va det fint. So eg hadde på meg en tynn strikkagensar og dongerivesten. Urutinert av meg, og ekstremt urutinert av IKEA å ikkje ha nok posa på lager.

Tar "helg" no, eg. Har fri imorra, men ska jobbe på Åhléns på lørdag. So i morra ska eg møte en ny gutt. Also, ny i verden. Vemund. Gleda meg te å sjå koleis vi kjeme overens.

Ha ei god helg, med helsing frå meg og Andrea :)