søndag 24. august 2014

Søndag

Eg har aldri vore noken fan av søndaga. Veit egentlig ikkje koffor, det e vel noke med avslutning av veka og at det då eg va liten va kviledag og med andre ord gørr kjedelig.

I dag har eg forandra litt mening om søndaga. Litt. Eg leve riktignok en eremitt-tilværelse, noke som e fullt og heilt min eigen "feil". Men eg har also nettopp gått en tur opp til Strinda kirke, på vei til søndagsåpen Kiwi for å kjøpe anis (som dei forøvrig ikkje hadde).

Eg har vel nevnt det før at eg lika å gå rundt på kirkegardane her i byen og berre lese på gravstøttene. I dag lette eg etter to slektninga som dødde med en måneds mellomrom i sommar, og etter langt om lenge fann eg dei, heilt nede ved gjerdet, på en av dei finaste plassane på heile kirkegarden, etter mi mening, rett ved ei lang rekke rognetre fulle av bær (betyr det at det blir lite snø, eller berre at det va lite snø i fjor?).

Fint veir e det og, antageligvis rundt 20 grader. Eg kan ikkje vere heilt sikker, for etter at svigersonen til huseigarane mine gjekk amok og kappa av toppen på dei aller fleste trea i hagen i går, so står sola no direkte inn på termostaten min, og den vise 26,6 grader. Men en merka at det e et litt sånn høstlig drag i lufta, og det e deilig. Klar og frisk luft, framfor den tunge og matte vi hadde tidligare i sommar. Ikkje at eg klaga. Neida. Joda.

Ei anna følge av plantemassakren e at den store furua som dekka utsikten mot naboen e heilt vekke, so no MÅ eg få sydd dei dere gardinene snart. Veldig snart.